top of page
ruth_edited.jpg

Kjære deg

Mitt navn er Ruth Kvålo Dalen og eg jobbar som biletkunstnar. Eg eig også eit gamalt gardstun som heiter Nigard Lid og som ligg i Vinje Kommune. Der jobbar eg med å skape eit gjestetun med mogleghetar for overnatting, malekurs, utleige, utstillingar og sjølvsagt, sist men ikkje minst,- mitt eige atelier der eg skaper mi kunstverd. Du er velkomen til å bli med meg på mi reise som allerede har begynt....

  • Instagram
  • Instagram

Min historie

Eg voks opp i bygda Høydalsmo, 100 meter frå kommunegrensa til Vinje og bygda Øyfjell. 

Mor og far hadde eit lite småbruk som låg innerst inne i Lidvegen. Det var få ungar på min alder i nærleiken og eg lærte meg fort at fantasi og kreativitet var godt å ha. «Å lage ting» var det beste eg visste! Eg var ikkje så opptatt av å leike men bruka heller tid og energi på eigne små og store «kunstprosjekt» der alt måtte prøvast. Teikning og malerkunst fasinerte meg tidleg, og eg kunne drøyme meg burt til ei ana verd når eg fekk høyre om dei store kunstnarane frå forgangne tider.

 

Eg tok med meg fasinasjonen for kunst, og iveren etter å skape, opp gjennom heile oppveksten min. Alt i livet mitt vart etter kvart farga av lysten til sjølv å bli god i dette «faget». Interessa for dei gamle meisterane kom tidleg, og det var viktig for meg å bli teknisk god. Ha «håndverket» med meg slik at eg hadde eit dugande verktøy å bruke i eige skapande arbeid. Eg valgte forming og kunstfag gjennom både vidaregåande og seinare høgskuleutdanning. Draumen var å drive fullt med det kreative, men eg ville også ha ei «trygg» utdanning i botn som kunne nyttast på vegen fram mot «målet». Derfor valgte eg å søke meg inn på høgskulen i Telemark der eg utdanna meg til faglærar i kunst og handverk. 

 

Eg hadde fleire deltidsjobbar som lærar og jobba ein del med kunstoppdrag ved sida. Portrettmaleriet var noko som fasinera meg og etter kvart vart det mange portrettoppdrag. I ein periode på rundt 3 år tok eg også oppdrag som illustratør for Cappelen & Damm og Schibsted forlag. Eg var innom keramikk for å jobbe meir med det tredimensjonale, mest skulptur, og eg jobba også med festkaker i ein periode på 10 år. Kakene vart etterkvart kreative og skulpturelle kreasjoner som vekte stor interesse. Det vart derfor så mange oppdrag etterkvart at eg måtte velge om eg ville satse på konditor faget eller ana kunst. 

Parallelt med alt dette starta eg opp eit stort prosjekt: 

I 2004 møtte eg nemleg han som eg gifta meg med, og han vart ein sentral del av dette prosjektet. Eg hadde kjøpt ein gamal snekkarverkstad i Øyfjell og var no på flyttefot heim til bygdene igjen etter å ha jobba nokre år som kunstlærar på ein folkehøgskule i Stavanger. Då eg traff Ole fant me fort ut at me begge var opptatt av å leve ut draumane våre, og gründertanken låg nært for oss båe. 

I 2009 stod den gamle snekkarverkstaden på Straume i Øyfjell ferdig renovert og klar for å bli opna som galleri etter ein durabeleg dugnadsinnsats frå bygda og ein lokal menighet som vi båe to var tilknytt. 

 

I 5 år jobba vi knallhardt for å ha eit heilårstilbod på galleriet men då vi fekk to små barn, og eit gamalt gårdstun som også skulle renoverast, måtte vi trappe ned galleridrifta. Eg kjente også at eg ville noko meir enn bare å promotere andres kunst, det vart for lite tid til å jobbe på eige atelier,-og eg følte eg hadde noko ugjort.

 

Frustrasjonen over å springe etter meg sjølv for å rekke å gjere alt eg hadde lyst til, voks i takt med oppdrag, drift av galleri og andre arbeidsoppgåver. 

Eg ville meir enn å ha eigen kunst «på sida av ana», eg ville bruke eigen kunst til å formidle det eg var opptatt av og det eg brann for. 

Grunntanken gjennom alt eg hadde gjort, og alt eg ønska å stå for som kunstnar, var på tide og syne fram. 

I 2012 starta vi på det store «gardstun-prosjektet» som skulle bli heimen vår. Vi hadde kjøpt det gamle gardstunet Nigard Lid i Øyfjell der mor mi var født. Dei fleste husa på tunet var i svært dårleg stand. Det kan vere sjarmerande med ripsbuskar opp gjennom golvet i eit kjøkken men ikkje så veldig praktisk... Me satte derfor i gang heilrenovering av hovudhus og oppretting av låven som var på veg ned. Dette vart ein stor og omfattande jobb, og etter å ha gjort det gamle hovudhuset på tunet innflyttingsklart vart målet at eg skulle avslutte all ana jobb og kun bruke tid på eigen kunst. I 2015 opna det seg endeleg rom for dette og eg fekk mogeleghet til å ha full fokus på kunsten og kva eg ville med denne, og etter mange år med kunstoppdrag, galleridrift, illustrasjon og deltaking på ulike kollektivutstillingar kunne eg endeleg fordjupe meg meir i eigen kunst og jobbe meg fram mot mitt eige uttrykk.

 

 

Eg jobba målretta med maleri der eg kombinerte mitt konkrete og realistiske formspråk med eit meir surrealistiske symbolspråk, og etter litt over tre år med jobbing på atelieret og etablering av mitt eige biletunivers, stod mi fyrste store utstilling som hovudutstillar i eiget galleri ferdig  sommaren 2018. Det var ein stor dag. Lokalet var pynta med blomsterdekorasjoner og mine store oljemaleri. Ei utescene skulle huse konsert på kvelden. I folkemengda sto også min kjære Ole som hadde lagt ALT til rette for at draumen min skulle gå i oppfylling. Ja eg trur det hadde blitt hans store draum også. Seks veker etter at utstillinga opna døydde han. Då hadde sjukdommen han bar på vorte for sterk for kroppen hans. Noko av mi verd gjekk i knas, men me delte trua på at livet ikkje sluttar her nede, og me heldt fast på, til det siste, at me skulle møtast igjen dersom han måtte reise. Det var ei tung tid, men håpet og trua på at det fantest noko meir heldt meg oppe.

 

Mitt største ynskje etter dette vart at den som såg mine maleri skulle bli fylt med håp, glede og gode tankar for livet sitt. Eit mål for meg vart å tenne ljos der det var mørkt og gjennom kunsten min kunne hjelpe andre som hadde sett livets «bakside».  Eg ville bidra til å gjere det mogeleg å lyfte fram «de skjønne kunster» som det ei gong hette langt tilbake i kunsthistorien. At det igjen skulle vera lov å bruke superlativ som vakkert, nydeleg og godt.. At ein skulle kunne gå ut frå ein av mine utstillingar å kjenne at ein tung dag vart litt ljosare. Eg ville bruke mine evner til å lyfte og ikkje trykke ned. Peke på løysingar og ikkje bare det vanskelege, og kanskje noko av det eg hadde opplevd hadde gjeve meg ei ny «tyngde» til å formidle noko godt sjølv midt i alle livets harde og uforsonelege situasjonar. 

No ber eg draumen viare og vil gjerne dele bådet tunet mitt og kunsten min med deg. Takk for at du tok deg tid til å lese,- velkomen til meg og mitt univers...

Ruth Kvålo Dalen

Kunst CV

Kunst cv 

Født: 18.06.1973
Oppvokst i Tokke i Høydalsmo 

Utdannelse: 

1996 – 1997 Einar Granum kunstskole
1997 – 2000 Høgskolen i Telemark avd. faglærer i kunst og håndverk 

 

Utstillinger: 

1999 Rauland kunstforening, sommerutstillinga
1999 Kanalgalleriet, Notodden ”Vår Vår”
2000 Øyfjell bygdemuseum
2001 Bryggjeutstillinga på Dalen i Telemark
2004 Bryggjeutstillinga på Dalen i Telemark
2004 Seljord kunstforening, sommarutstillinga på kunst-låven             2005 sommerutstilling Åseral 

2006 Cowparade telemark, samarbeid med Solveig Muren Sanden           2018 utstillinga «Vakker» Galleri Straume i Vinje i Telemark
2019 vinterutstilling, Galleri Rauland
2019 sommerutstilling, separatutstilling på Galleri Samvirke i Vrådal           2020-2021 fast utstilt hos husfruene kunst og interiør, Rauland                   2022 Sommerutstilling, Grimdalstunet

Utsmykning, engasjement og oppdrag: 

2002 – 2017oppdrag innen maleri og keramikk
2006 - Utsmykningsoppdrag for Vest-Telemark museum Eidsborg
2006 - Årets kunstner i Vinje
2007 – 2017 kakekunst (oppdrag)
2009 – 2010 illustratør for Schibsted forlag og Cappelen Damm
2018 – Innkjøpt av Vest-Telemark museum til utsmykning
2009 – fram til d.d eigar og drivar av Galleri Straume. Ansv. Drift og utstilling 

2023 - oppstart av fast tilbod om malekurs

Fra og med 2016 og fram til dags dato har eg jobba tilnærma fulltid med egne kunstprosjekt der promotering i stor grad skjer via utstillinger.
Frå og med 1995 og fram til dags dato har eg også vore ansvarleg for kreativt og kunstrelatert arbeid blandt barn og unge i menighetssamanheng og i samanheng med galleridrift.

 

Stillinger og kursvirksomhet: 

I tillegg til å ha jobba som sjølvstendig næringsdrivande og kunstnar på oppdrag som nevnt ovanfor , har eg også jobba som lærar i folkehøgskule og grunnskule i faget kunst og handverk frå og med år 2000 og fram til dags dato med nokre opphald i løpet av åra der eg jobba fullt med galleridrift. Eg har også halde fleire teiknekurs og kurs i kakekunst i tidlegare år og jobbar no fulltid med å halde malekurs og arbeide med eigen kunst på oppdrag og mot utstillingar.

Besøk meg gjerne på INSTAGRAM: @ruth.kvalo.dalen_art eller @husfruen_paanigardlid 

 

REFERANSER Oppgis etter forespørsel 

Kontakt

Ta gjerne kontakt kva du enn måtte lure på! Eg tilbyr

 også malekurs,- komande kurs finn du under "malekurs"

90597872

bottom of page